Spira utvikling er ei tilrettelagt bedrift med hovedområde innan vaskeri og transport.
Hos oss finn du eit unikt utval spanande fagområde og yrker på ein og same arbeidsplass. Kanskje du har et spesielt talent for ein eller fleire av fagområda?
I tillegg til vaskeri og transport har me også andre interessante oppgåver og tenester innan; hjelpemiddel, reinhald, kjøkken/ kantine, merkantil, makulering, trearbeid, og sist men ikkje minst i vårt unike lysstøyperi Litledalen Lys. Alle avdelingane våre har ordinære og viktige oppgåver og me tilbyr tenester til både bedrifter og private kundar.
Me har tilrettelagte arbeidsplassar for VTA og KTA, i tillegg er me arrangør for tiltaket AFT. Me er rundt 50 tilsette, med 24 VTA plassar, 2 KTA plassar, 6 AFT plassar og ordiært tilsette.
Me er ei samansatt gruppe med mennesker, men felles for oss alle er at me er stolte over å meistre arbeidet vårt og over å ha eit arbeid å gå til. Me har humor, gode dagar og dårlige dagar, me har mange ressursar og ting me er gode på. Nokon har diagnosar, andre ikkje. Me har fleire ulike språk, tradisjonar og religionar. Nokon heiar på fotball, andre likar å gå tur. Me er gutar og jenter, menn og kvinner, mødre, fedre, tanter, onklar og besteforeldre. Nokon er politisk engasjert og andre er god til å strikke. Og me har stor omsorg for kvarandre fordi me er "OSS".
Våre overordna verdiar er TRU; Tryggleik, Raushet og Utvikling. Hos oss er standarden ein trygg arbeidsplass med stor takhøgde og gode utviklingsmoglegheiter!
Me har TRUa på kvart enkelt menneske!
Under finn du link når me har ledige stillingar (både VTA-stillingar og stillingar for ordinært tilsette). Me gler oss til å høyre frå deg som har lyst å søke på jobb hos oss.