Kommunalt tilrettelagt aktivitet er eit aktivitetstilbod til menneske som er for sterke kandidatar for dagsenter, men som har behov for ei tettare oppfølging enn VTA-tiltaket har rammer til. Dette er ofte mennesker som "fell mellom to stolar".
Målgruppa er personar som mottar, eller som i nær framtid vil få vedtak om uføretrygd. Spira utvikling tilbyr tiltaksdeltakaren eit individuelt tilpassa aktivitetstilbod gjennom opplæring, tilrettelagt aktivitet og deltaking i vårt arbeidsfellesskap.
Spira utvikling gjer ei grundig kartlegging av søkaren sitt oppfølgingsbehov før samarbeidsavtale med kommunen vert signert.
Samarbeid
Spira utvikling samarbeider med heimkommunen til søkaren når det gjeld søkeprosessen, aktivtet i tiltaket, behovet for oppfølging og eventuell avslutning av tiltaket og sender årlige rapportar som dokumenterer innhald og utvikling.
Slik søker du deg til oss
KTA-tiltaket hos Spira utvikling er retta mot personar i Etne og Vindafjord kommunar og søknad til oss skjer etter at heimkommunen har gjort eit vedtak om å søke personen inn til KTA-tiltaket.
Kontakt oss gjerne for utfyllande informasjon om innhald eller søkeprosessen; fagansvarlig Kjersti Lunde Kambe eller attføringsleiar Carina Opedal.
Slik fungerer søkeprosessen
Steg 1: Ring eller send mail til fagansvarlig Kjersti Lunde Kambe eller attføringsleiar Carina Opedal for å drøfte om KTA kan være eit aktuelt titak.
Steg 2: Kommunen sender ein søknad til Spira utvikling.
Steg 3: Når søknaden er mottatt vert ein representant frå kommunen og søkar/verge kalla inn til orientering, samtale og omvisning. Ei kartlegging av interesser, ressursar og moglege utfordringar vil bli gjort før søknaden vert godkjent, eventuelt avslått.
Steg 4: Blir søknaden godkjent vert samarbeidsavtale mellom kommunen og Spira utvikling, signert. Deretter avtalar me oppstart, arbeidstid, oppgåver/ aktivitet og kva avdeling(ar) deltakaren skal jobbe på.