Varig tilrettelagt arbeid er eit arbeidstilbod i NAV si tiltakskjede. Tilbodet er til for personar som har, eller i nær fremtid vil få, uføretrygd. Føremålet med VTA er å gi arbeidstakaren opplæring og tilpassa oppgåver slik at han eller ho er i utvikling og får ein meiningsfull arbeidskvardag
Spira utvikling er godkjent tiltaksarrangør og får tildelt VTA-plasser av NAV. Varig tilrettelagt arbeid baserer seg på forskrift om arbeidsmarknadstiltak med tilhøyrande reglar i rundskriv, samt kravspesifikasjon for tiltaket.
I VTA blir ein tilsett etter arbeidsmiljølova og har dermed same rettar og plikter som arbeidstakarar i det ordinære arbeidslivet.
Arbeidsplassen skal vera ein trygg og god arena for vekst og utvikling. Hos oss får alle tiltakstilsette naudsynt rettleiing, tilrettelegging og oppfølging av våre arbeidsveiledarar. Me har årlege medarbeidarsamtalar der me saman set opp mål som munnar ut i ein personleg kvalifiseringsplan. Måla i kvalifiseringsplanen er alltid knytt opp mot den avdelinga du er tilsett i og på den måten vil du få gode moglegheiter for utvikling både innan produksjonen og på personleg plan.
I VTA-tiltaket blir det gitt 1:5 oppfølging frå våre arbeidsveilederar. Dette betyr i praksis at ein arbeidsveiledar har oppfølgingsansvaret for inntil fem arbeidstakarar.
Hos oss på Spira Utvikling har me yrker og oppgåver innan
- vaskeri
- hjelpemiddel
- reinhald
- kjøkken/ kantine
- transport/ logistikk
- merkantil
- makulering
- trearbeid
- og sist men ikkje minst i vårt unike lysstøyperi Litledalen Lys.
Alle avdelingane våre har ordinære og viktige oppgåver, og me tilbyr tenester til både bedrifter og private kundar.
Me kan også tilby rettleiing og støtte dersom du har ønske om å prøve deg ut i ordinært arbeid.
Arbeidstid
Arbeidstida ved Spira utvikling er måndag-fredag og kvar tiltaktilsett får tilpassa sine arbeidstider etter helse og behov.
NAV-samarbeid
Spira utvikling samarbeider med NAV når det gjeld søknadar, tilsetting, gjennomføring og avslutning av tiltaket og sender årlege rapportar til NAV.
Slik søker du deg til oss
Bur du i Vindafjord eller Etne og har, eller i nær framtid får innvilga søknad om uføretrygd, kan du søke hos oss. Kontakt din rettleiar hos NAV, eller fagansvarlig Kjersti Lunde Kambe hos Spira utvikling.
Slik fungerer søkeprosessen
Steg 1: Kontakt din rettleiar hos NAV for å høyre om VTA kan være aktuelt for deg og om det er ledig VTA-plass hos Spira utvikling. Du kan også kontakte fagansvarlig Kjersti Lunde Kambe eller attføringsleiar Carina dersom du har spørsmål.
Steg 2: Send inn søknad til ditt NAV-kontor. Treng du hjelp til å søke er både Kjersti, Carina og NAV klare til å hjelpe deg.
Steg 3: Når søknaden er sendt til ditt NAV-kontor vert du kontakta og kalla inn til intervju og omvisning.
Steg 4: Blir søknaden godkjent avtaler me oppstart, arbeidstid, arbeidsoppgåver og kva avdeling(ar) du skal jobbe på.